Leie arbeidet med støtte for politisk leiing og departementsråden?

Seksjonssjef

Om stillinga

Statsrådsseksjonen koordinerer og legg til rette det praktiske og administrative arbeidet for politisk leiing og departementsråd, til dømes ved arrangement, møte og reiser. Seksjonen koordinerer også saker til regjeringskonferansar, saker i statsråd, statsråden si deltaking i Stortinget og rapporteringar til Statsministerens kontor (SMK) og Stortinget.

I denne nyoppretta stillinga får du ei nøkkelrolle i vidareutviklinga og drifta av støtte for politisk og administrativ leiing. Som seksjonssjef får du personal- og fagansvaret ved seksjonen. Til denne stillinga ser vi difor etter deg som blir motivert av å utvikle og forbetre, og som vil vere med å forme både eiga stilling og seksjonen du blir leiar for.

I samband med flytting til nytt regjeringskvartal gjennomgår departementsfellesskapet endringar knytt til kontorstøtte og andre administrative oppgåver. Du vil få ansvaret for at departementet vil lukkast med oppfølginga av denne endringa.

Du vil bli ein del av leiargruppa i avdeling for styring og organisasjon og rapportere til ekspedisjonssjefen i avdelinga.

Arbeidsoppgåver

Du vil ha ansvaret for den daglege oppfølginga av dei tilsette ved seksjonen. I denne stillinga vil du jobbe tett på statsråden og øvrig politisk leiing, og sørge for at deira kvardag blir godt tilrettelagt. Du vil vere eit bindeledd mellom politisk leiing, departementets avdelingar og eksterne verksemder. Ein del av arbeidet blir å identifisere korleis arbeidet i seksjonen kan løysast på ein effektiv måte, og ta ansvar for å leie prosessar knytt til dette. Du skal vidareutvikle eit godt felles fagmiljø, der alle gjennomfører oppgåvene som eit samla team. Stillinga er nyoppretta, og du vil ha ansvar for å utvikle både stillinga og dei tilhøyrande arbeidsoppgåvene.

Nokre sentrale oppgåver vil vere å:

  • understøtte politisk leiing
  • følgje opp dialogen med interne avdelingar og eksterne aktørar
  • leie dei tilsette i seksjonen
  • utvikle, bygge opp og sikre heilhetleg kontorstøtte i departementet
  • utføre nye oppgåver som blir tillagd seksjonen

Kven ser vi etter?

Du må ha

  • fullført relevant bachelorgrad, til dømes innan leiing, statsvitenskap, administrasjon, eller liknande. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • erfaring frå departementa og kjennskap til avgjerdsprosessar i regjeringa
  • leiarerfaring, til dømes som personalleiar, fagleg leiar eller prosjektleiar
  • gode skriftlege og munnlege formidlingsevner på norsk og engelsk
  • god rolleforståing
     

Det er ønskjeleg at du har

  • erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver, medrekna dialog med Stortinget og SMK
  • erfaring med digitalisering av manuelle prosessar

Personlige eigenskapar

Stillinga medfører høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver, og krev at du i stor grad må vere til stades på kontoret. Du må ofte gjere sjølvstendige vurderingar og raske avgjerder. For å trivast og lukkast i denne stillinga, ser vi for oss at du:

  • set deg raskt inn i nye oppgåver og problemstillingar
  • er omstillingsdyktig, med god evne til å prioritere
  • er strukturert, beslutningsdyktig og påliteleg
  • har eit overordna og heilhetleg blikk
  • er serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner
  • trivst i ein digital arbeidshverdag

 

Det vil bli lagde stor vekt på personleg egnethet.

Utdannelse og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.

Vi tilbyr

  • eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin
  • ein spennande jobb i eit sterk fagmiljø
  • gode utviklingsmoglegheiter
  • lokala sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • eit tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar

Løn: Stilling blir lønt som seksjonssjef frå kr. 800 000–970 000 per år. Lønnsplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.

Tryggingsklarering: Tilsetjing skjer under føresetnad at søkjar blir tryggleiksklarert og autorisert på nivå HEMMELIG. Les meir om tryggingsklarering på nettsidene til Nasjonalt tryggingsorgan.

Vi er opptekne av

Mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løysa oppgåvene våre endå betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å kryssa av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen blir ikkje brukt til noko anna enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Informasjon til deg som søkjer 

Du søker elektronisk via link på denne sida. Vi ønskjer å gjere det enklare for deg å søke. I staden for å laste opp eit søknadsbrev vil du bli bedt om å svare på nokre spørsmål.

DFD nyttar bakgrunnssjekk frå Semac i nokre av rekrutteringsprosessane våre. Bakgrunnssjekk blir utført etter samtykke, og inneber bla at me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.

Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli informert før offentleggjeringa og få moglegheit til å trekkja søknaden.

Kontaktperson: For nærare opplysningar om stillinga kontakt med fungerande ekspedisjonssjef Christoffer Sandvik Engelsøy på tlf. 40 05 99 66 eller e-post Christoffer-Sandvik.Engelsoy@dfd.dep.no. For nærare opplysningar om rekrutteringsprosessen, ta kontakt med senior rekrutteringsrådgjevar i DSS Asseline B. Grindheim på tlf. 45 25 03 77 eller e-post: Asseline-Benjaminson.Grindheim@dss.dep.no

Om oss

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har om lag 170 tilsette og er sekretariat for digitaliserings- og forvaltningsministeren. Departementet har ansvar for IT- og forvaltningspolitikk, elektronisk kommunikasjon, arbeid med FNs berekraftsmål, det administrative ansvaret for statsforvaltarane, statleg arbeidsgivarpolitikk og statleg bygg- og eigedomsforvaltning. Blant dei underliggjande etatane til departementet og verksemder er Digitaliseringsdirektoratet, Datatilsynet, Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), Statsbygg, Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og statsforvaltarane.

Avdeling for styring og organisasjon sørgjer for stabsfunksjonar for den politiske leiinga og departementsråden, utviklar styringssystem og fastset overordna retningslinjer for ei effektiv og samordna leiing av departementet. Avdelinga tek seg av administrative fellessaker og ser til at verksemda skjer innanfor gjeldande reglar og retningslinjer på det administrative området.

Spørsmål om stillinga

Christoffer Sandvik Engelsøy
Ekspedisjonssjef
40 05 99 66
Christoffer-Sandvik.Engelsoy@dfd.dep.no

Asseline Benjaminson Grindheim
Senior rekrutteringsrådgiver (DSS)
45 25 03 77
Asseline-Benjaminson.Grindheim@dss.dep.no

Søknadsfrist: 4. juni 2025

Arbeidsgiver: Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD)
Omfang:Heiltid
Varighet: Fast
Arbeidssted: Akersgata 59, 0180 Oslo