Du som kandidat får presentert stillinger som er relevante for deg. Ved å akseptere sporing fra oss, øker sannsynligheten for at du ser stillinger som er relevante for deg. Formålet med våre målinger er å gi våre kunder nødvendig informasjon om relevans og effekt av annonseringen.
Godta alle informasjonskapsler eller endre innstillinger?
Fitjar kommune treng ny einingsleiar for Forvaltning i etat for samfunnsutvikling og drift.
Fitjar kommune søkjer ein engasjert og kompetent einingsleiar for den nyoppretta forvaltningsavdelinga til etaten Samfunnsutvikling og drift.
Eininga for forvaltning har ansvaret for sakshandsaming hovudsakeleg innanfor fagfelta plan, byggjesak, kart og oppmåling, natur og miljø, forureining og landbruk. Me sel også tenester til Austevoll kommune innanfor landbruk og miljø.
Totalt har avdelinga seks tilsette. Einingsleiaren vil verta del av leiargruppa for Samfunnsutvikling og Drift, og vil rapportera til etatssjefen.
Fast kontorstad for stillinga er Fitjar rådhus. Administrasjonsmålet er nynorsk.
Sentrale arbeidsoppgåver
Som einingsleiar vil du få ansvar for å leia det daglege arbeidet på avdelinga, med oppfylging av pågåande saker og samarbeid med dei tilsette på eininga. Eininga er nyoppretta etter at avdeling for landbruk og avdelinga for plan og utvikling er slått saman. Som einingsleiar skal du difor leia arbeidet med å få den nye eininga til å fungera godt, og leggja til rette for godt samarbeid på tvers av faga. God koordinering av dei ulike fagområda vil vera sentralt i fleire sakstypar.
Fitjar er ein stor landbrukskommune, og me ynskjer å vera ein god rådgjevar for landbruksnæringa. Me skal og levera gode landbrukstenester til Austevoll kommune. Som einingsleiar vil du få ansvaret for å leggja til rette for dette.
Einingsleiaren inngår i leiargruppa til Samfunnsutvikling og drift. Det inneber deltaking i større og overordna oppgåver på etaten, både innan kommunen sine investeringsprosjekt, organisasjonsarbeid og samarbeid dei andre einingane om pågåande saker.
Personlege eigenskapar som er naudsynt for stillinga vil verta vektlagde.
Me kan tilby
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, lyt det spesifiserast i søknaden og grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
For nærare info om stillinga ta kontakt med etatssjef for Samfunnsutvikling og Drift Louise Pettersen, tlf 415 77 063.
Søknadsfrist:
2. april
Type ansettelse: Fast, heltid 100 %
Oppstart: Etter avtale
Fitjar kommune er liten i innbyggjartal, men stor på naturopplevingar og fellesskap. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og eit mylder av øyar og skjer.
Gode butilhøve, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår. Kommunen har 3 200 innbyggjarar og ei positiv folketalsutvikling.
Les meir om kommunen og stillinga på https://fitjar.kommune.no