Plassering: Voss
Søk senest: 2025-12-03
Publiseringsdato: 2026-08-25
Referansenummer: NO-05662
Er du oppteken av fornybar energi og ønskjer å bidra til solid økonomisk styring i eit lokalt kraftkonsern som leverer samfunnskritiske tenester? Då kan du vere vår nye leiar for økonomi.
Me søkjer ein operativ og strategisk leiar for økonomi som vil sikre god økonomikontroll, effektive prosessar og robust styring i ei verksemd der stabil drift er avgjerande. Du vil få ei sentral rolle i oppfølginga av lønsemd, investeringar og risiko innan kraftproduksjon og infrastruktur som samfunnet er heilt avhengig av.
Som del av konsernleiinga vil du medverke til at Voss Energi leverer trygge og pålitelege tenester, samstundes som me vidareutviklar verksemda i møte med nye krav og moglegheiter i energimarknaden.
Om stillinga
Som leiar for økonomi har du det heilskaplege ansvaret for konsernet sin økonomifunksjon. Stillinga er organisert i morselskapet Voss Energi AS og rapporterer til konsernsjef. Du inngår i konsernet si leiargruppe.
Ansvarsområde
Kvalifikasjonar
I medhald av kraftberedskapsforskrifta gjennomfører me bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Dette omfattar identitetssjekk, stadfesting av arbeidsforhold og utdanning, kredittsjekk og søk i opne kjelder.
Personlege eigenskapar
Me kan tilby
Spørsmål om stillinga kan rettast til Mercuri Urval ved Gro Reinertsen, tlf 975 59 058/gro.reinertsen@mercuriurval.com
Alle førespurnadar vert handsama fortruleg.
Voss Energi er eit kraftkonsern med verksemd innan nettdrift, kraftproduksjon, kraftsal, fjernvarme og breiband/TV. Konsernet har 55 tilsette og ein årleg omsetnad på om lag 450 millionar kroner. Voss Energi AS er eigd av Voss herad. Me tilbyr eit engasjert arbeidsmiljø i ein bransje som er viktigare enn nokon gong.