Helse Vest skal vere i front for digitalisering i spesialisthelsetenesta. Direktør for digitalisering vil ha ei avgjerande rolle i denne utviklinga.
Digitale løysingar er ein føresetnad for trygge og effektive tenester i spesialisthelsetenesta. Strategi for digitalisering i Helse Vest peikar på dei viktigaste innsatsområda for digitaliseringsarbeidet i åra framover. Brukarvennlegheit, auka brukartilfredsheit, god informasjonsflyt og å hente ut effektar ved forbetring og utvikling av digitale løysingar, blir viktig.
Digitalisering skal først og fremst bidra til at medarbeidarane får ein betre arbeidskvardag, og leggje til rette for kvalitet i tenesta.
Som direktør for digitalisering vil du få ansvar for å bidra til å realisere strategien for digitalisering i Helse Vest RHF. Du vil bidra aktivt med forbetring og utvikling i eit høgt tempo, for heile føretaksgruppa i Helse Vest.
Det er eit omfattande samarbeid om digitalisering internt i regionen, og nasjonalt saman med dei andre regionale helseføretaka. Direktør for digitalisering representerer Helse Vest RHF i møter og prosesser med regionale og nasjonale aktørar. Det vil bli lagt vekt på at du kan byggje gode relasjonar på tvers av verksemdene og nivå i heile føretaksgruppa i Helse Vest og nasjonalt.
Den sikkerheitspolitiske situasjonen har forsterka merksemda på IKT-tryggleik. IKT-tryggleik vil vere ein viktig oppgåve framover. Difor må du bestå ein grundig bakgrunnsjekk og sikkerheitsklarering før tilsetjing i stillinga.
Du vil rapportere til administrerande direktør, og vere ein del av leiargruppa i Helse Vest RHF. Arbeidsstad er ved kontoret vårt i Stavanger.
For meir informasjon om stillinga, ta gjerne uforpliktande og konfidensiell kontakt med vår rådgjevar i Habberstad, Hans Petter Karlsen, tlf. 93425743.
Fram til utgangen av søknadsfristen vil søknader og førespurnader behandlast konfidensielt, om ønskjeleg også overfor oppdragsgivar. Det vil bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste når søknadsfristen er gått ut.
Søknadsfrist: 17. mars 2025
Hans Petter Karlsen
Partner/seniorådgiver
Tlf: +47 934 25 743
Det regionale helseføretaket Helse Vest RHF varetek eigarskapet til sjukehusa i Rogaland og Vestland. Vi skal sørgje for at dei kring 1,1 million innbyggarane i regionen får spesialisthelsetenesta dei har krav på. Saman med sjukehusa på Vestlandet er Helse Vest RHF ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Det er om lag 80 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og omkring 31 000 medarbeidarar til saman i heile føretaksgruppa på Vestlandet. Vi har kring 50 sjukehus og institusjonar og driftsbudsjettet er på om lag 40 milliardar kroner for heile føretaksgruppa Helse Vest. Vi held til i sentrale lokale i Stavanger sentrum.
Helse Vest skal spegle mangfoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte, til å søkje ledige stillingar – uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet.