Du som kandidat får presentert stillinger som er relevante for deg. Ved å akseptere sporing fra oss, øker sannsynligheten for at du ser stillinger som er relevante for deg. Formålet med våre målinger er å gi våre kunder nødvendig informasjon om relevans og effekt av annonseringen.
Godta alle informasjonskapsler eller endre innstillinger?
Etaten Samfunnsutvikling og drift i Fitjar kommune har ansvar for gjennomføring av kommunen sine investeringsprosjekt. Til ei nyoppretta stilling søkjer me etter prosjektleiar. Prosjektleiaren vil i samarbeid med etatssjef ha ansvaret for oppfylging og gjennomføring av investeringsprosjekta. Investeringsprosjekta vil variera frå dei minste innkjøpa på rundt 100 000,- til dei største byggjeprosjekta.
Kontorstad er Fitjar rådhus. Administrasjonsmålet er nynorsk.
Sentrale arbeidsoppgåver:
Ved behov vil det kunna vera behov for å ta del i andre oppgåver som ligg til etaten.
Kvalifikasjonar for stillinga
Personlege eigenskapar som er naudsynt for stillinga vil verta vektlagde.
Me kan tilby:
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, lyt søkjar spesifisera og grunngje det i søknaden. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verta ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til fylgje, skal søkjaren varslast om dette.
For nærare info om stillinga, ta kontakt med etatssjef for Samfunnsutvikling og drift Louise Pettersen, tlf 415 77 063.
Søknadsfrist:
2. april
Type ansettelse: Fast, heltid 100 %
Oppstart: Etter avtale
Fitjar kommune er liten i innbyggjartal, men stor på naturopplevingar og fellesskap. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og eit mylder av øyar og skjer.
Gode butilhøve, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår. Kommunen har 3 200 innbyggjarar og ei positiv folketalsutvikling.
Les meir om kommunen og stillinga på https://fitjar.kommune.no