Du som kandidat får presentert stillinger som er relevante for deg. Ved å akseptere sporing fra oss, øker sannsynligheten for at du ser stillinger som er relevante for deg. Formålet med våre målinger er å gi våre kunder nødvendig informasjon om relevans og effekt av annonseringen.
Godta alle informasjonskapsler eller endre innstillinger?
Vil du leie eit av Noregs mest framtidsretta nettselskap?
Linja er blant dei største nettselskapa i Noreg, og eit leiande kompetanse- og teknologiselskap innan elektrifisering. Vi har ein avgjerande samfunnsfunksjon og spelar ei sentral rolle i utviklinga av eit meir berekraftig og framtidsretta energisystem. Gjennom sikker og effektiv infrastruktur, sterk fagkompetanse og nytenking innan teknologi bidreg vi til å forme framtidas energiløysingar.
Med 287 tilsette forsyner vi over 105 000 kundar med straum i vårt nettområde. Verksemda vår strekker seg over store delar av Nordvestlandet, og vi er til stades der utvikling skjer – frå by til bygd, frå industri til bustadområde. Vi legg no grunnlaget for den neste epoken i vår historie, og søkjer ein tydeleg, samlande og gjennomføringsorientert administrerande direktør til å leie Linja inn i framtida.
Som administrerande direktør får du være ansvarleg for at selskapet er rett dimensjonert i høve struktur, kompetanse og kapasitet, og etablere effektive løysingar som realiserer synergigevinstar. Du vil leie transformasjonsprosessar som posisjonerer selskapet for framtida, og jobbe med eit kompetent selskap med høge ambisjonar i tett samarbeid med eit engasjert styre, dyktige leiarar og medarbeidarar.
Vi ser etter ein leiar med høg gjennomføringskraft og har god forståing for korleis eit samfunnskritisk infrastrukturselskap som Linja opererer.
Vi ser gjerne at du har:
Søkjarlista for denne stillinga vil vere offentleg. Dersom du ønsker unntak frå offentleggjering, må dette grunngivast i søknaden.
For ein konfidensiell samtale, ta kontakt med senior rådgivar Wenche Kjerstad i Converto AS tlf 907 20 545 eller styreleiar Erik Espeseth tlf 905 20 033
Linja – Straum til deg. Kraft til det nye
Avdeling
Steder
Søknadsfrist
Linja AS
Dragsund / Florø / Ålesund
10. august 2025
Avdeling
Linja AS
Steder
Dragsund / Florø / Ålesund
Søknadsfrist
10. august 2025
Vil du leie eit av Noregs mest framtidsretta nettselskap?